Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


50 års jubileum for konfirmantar i 1976


Konfirmantar i 1976 i Arnafjord, Vik og Vangsnes Sokn vert invitert til jubileum 12. september 2026 i Vik kyrkje kl 12.00 med påfølgande fest om kvelden

 Me har gleda av å invitere dykk til samlingar laurdag 12. september 2026

Program

Kl 12.00 Gudsteneste i Vik kyrkje

Kl 13.00 Sokneråda inviterer til kyrkjekaffi i kyrkjestova. Fotografering. Bunad/ andre finklede høver denne stunda!

Kl 18.00 Festmiddag på Blix hotell. Ein legg opp til eit lett arrangement der det vert rikeleg høve til god prat og deling av minner. Ta gjerne me bilete frå ungdomstida dersom det høver. Førebu deg gjerne på dele minner eller sei nokre ord til flokken!

 

Menyen på hotellet kjem me tilbake til, men meld gjerne frå om det er allergiar eller andre tilhøve kjøkkenet skal ta omsyn til. De betalar sjølv mat og drikke på hotellet.

Påmelding innan 9. august 2026 her:

Påmelding

  Hjarteleg velkomen

Vik kyrkjeleg fellesråd v/ Turid og Marit

Tilbake