Vik kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Drop in vigsel - Drop in-dåp


Kanskje går de med gifteplanar?

Eller ynskjer du å bli døypt eller døypa eit born?

 

30. august 2025 kan de berre droppe innom hjå presten i Vangsnes kyrkje!

Kvifor velja drop-in-bryllaup?
Tenkar de at bryllaup i kyrkja må vera stort med mange gjester, kvit kjole og stort budsjett? Det må ikkje vera slik! Eit bryllaup er ei stor feiring av kjærleiken uansett rammar.
På bryllaupsdagen dykkar settast ekteskapet dykkar inn i ein større samanheng. Vi vil be for dykk, ekteskapet og framtida dykkar. Kyrkjerommet, musikken og tekstane som vert lesne gjev høgtidelege rammar for ekteskapsinngåinga.

Kva treng dykk for å gifte dykk i kyrkja 30. august? Ikkje noko meir enn gyldig prøvingsattest frå Skatteetaten. Ta med tre (3) eksemplara til kyrkja. Forlovarar må fylle ut forlovarerklæring på førehand, men treng ikkje vere til stades i kyrkja. Om ikkje de har med dykk nokon som kan vere vitnar på bryllaupsdagen, stiller kyrkja med nokon. 
Kyrkja tek òg imot par som ynskjer forbøn for borgarlege inngådde ekteskap denne laurdagen.

Drop in-dåp
Vi held ein enkel dåpsseremoni for dei som ynskjer å døypa seg. Vi tek imot menneske i alle aldra til dåp.
Dåpsbarnet/-kandidaten kan ha so mange fadrar dykk ein ynskjer. To (2) av dei må vere til stades ved dåpen. Kyrkja kan stille fadrar om  de ynskjer det.
Ha med fødselsnummer på den som skal døypast. Dåpsattesten vert ettersendt.

Kyrkja ordner feiringa
Vi serverar kake, kaffi og (alkoholfrie) boblar til brudefylgjene og dåpsfylgjene etter seremoniane. Om de skulle ynskje å gjera ein avtale for 30. august eller har spørsmål  - ta kontakt senast 25. august med kyrkjeverje Marit Andersen
tlf 479 77 806 eller 906 86 227   e-post: marit.johanne.andersen@vik.kommune.no

Tilbake